Filarmikrometer

Filarmikrometer.

Eit filarmikrometer eller trådmikrometer er eit hjelpeapparat som vert festa innafor okularet i ein astronomisk kikkert. Det består av ein fast trådkross og ein rørleg tråd, mikrometertråden, som er parallell med den eine av dei faste. Mikrometertråden kan ved ein skrue, mikrometerskruen, stillast i forskjellig avstand frå den faste tråden. Samstundes kan heile mikrometeret dreiast om den optiske aksen til kikkerten, og dreiinga kan avleast på ein inndelt sirkel, posisjonssirkelen. Instrumentet vert nytta til å måle den gjensidige stillinga til to nærståande stjerner.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search